Skulens visjon

Sam Eyde vidaregåande skule er oppkalla etter Sam Eyde, og me har derfor valt turbinhjulet som symbol for visjonen vår: Fornybar kunnskap - energi for livet.

Turbinhjulet som symbol for skolens visjon. Over turbinhjulet står det Fornybar kunnskap - energi for livet. Foto - Klikk for stort bildeSkolens visjon Line Folkedal Trondsen


Arendal, Sam Eydes fødeby:

Sam Eyde vart fødd i Arendal 29. oktober 1866. På denne tida var Arendal den største sjøfartsbyen i landet. Familien Eydes hus låg heilt nede ved vatnet, ved Malmbrygga, det som no er hjørnet Vestregate - Malmbryggja bak Arendal kulturhus.

Frå skuletrøytt til skuleflink:

Som gutar flest som voks opp i Arendal på denne tida, var Sam meir opptekne av sjø og sjømannslivet enn skule og lekselesing. Det gjekk dårleg på skulen, og han vart teken ut av skulen og sendt til sjøs med korvetten "Nornen". Dette vart eit vendepunkt i Sam Eydes liv. Han kom i kontakt med mange unge menneske som arbeidde målretta med utdanninga si. Resultatet vart at Sam Eyde seinare byrja på skule i Kristiania (Oslo) etterfølgd av universitetsstudium i Tyskland.

Eit industrieventyr vart starta i Froland:

Etter ingeniørutdanning i Berlin kom Sam Eyde tilbake til Noreg. Sam Eyde hadde skaffa seg vasskraftrettar og kunnskap om framstilling av nitrogen frå luft ved hjelp av elektrisitet. Saman med professor Kristian Birkeland etablerte han ein forskingsstasjon på Eivindstad i Froland, nær Arendal Fossekompanis kraftstasjon på Bøylefoss. Forskingsstasjonen fekk namnet *Vassmoen, og verksemda starta opp der i 1904.

 

To svart-kvitt-bilete. Det første er familien Eydes hus og det andre er forskingsstasjonen Vassmoen. Foto. - Klikk for stort bildeFamilien Eydes hus og forskingsstasjonen Vassmoen. Sam Eyde vgs.

Norsk Hydro:

Parallelt med forsøka på Vassmoen i Froland vart det bygd ein prøvefabrikk på Notodden, og hausten 1905 stifta Sam Eyde Norsk Hydro. Han starta ein stor utbyggingsprosess, først på Notodden, så på Rjukan. Utbygginga av Rjukanfossen etablerte Vemork kraftstasjon på Rjukan som den største kraftstasjonen i verda.

Eydehavn:

12. juli 1913 vart den nye industristaden på Staksnes omdøypt til Eydehavn. Same dag vart Arendal smelteverk innvigd og kunne starta produksjonen ved hjelp av kraft frå Bøylefoss kraftstasjon.

Fornybar energi:

Energi frå vasskraft er fornybar energi. For å gjera om vasskraft til elektrisk energi blir vatnet leidd inn i store turbinar i vasskraftverka. Peltonturbinen er ei vidareføring av skovlhjulet (møllehjulet). I Peltonturbinen blir nesten all energien forma om til rørsleenergi slik at energien blir overført til turbinhjulet, som igjen transformerer energien til elektrisitet.

Fornybar kunnskap:

Sam Eyde vidaregåande skule er stolte av namnet, som er lånt av ein av Noregs viktigaste personar gjennom tidene. Sam Eyde gjekk frå skuletrøytt elev til ein energisk og ambisiøs person som verdsette utdanning og kunnskap høgt. Han er eit godt døme på kva kunnskap, teknologi og praktisk bruk av tileigna kunnskap kan føra til. Me bruker turbinhjulet som symbol for verksemda vår og kva me som skule står for.

Tre svart-kvitt-bilete. Det første biletet er kraftstasjonen Vemork, det andre er turbinar i ein kraftstasjon, og det tredje er ein vasskraftturbin. Foto. - Klikk for stort bildeTurbinhjulet er eit symbol for skuleverksemda. Sam Eyde vgs.
Til toppen