Rutinar ved mistanke eller påvist skabb

Vi har laga rutinar som elevar skal følgja dersom dei mistenkjer eller har fått påvist skabb.

All kløe/utslett skal behandlast som mistanke om skabb:

  • Ved utslett/kløe må ein omgåande ta kontakt med fastlege. Elevar må halda seg heime fram til dei har vore hos lege (bestill akuttime).
  • Fastlegen har ansvar for eventuell behandling og oppfølging av behandling, dersom utslettet ikkje er skabb, må elevane visa ei legeerklæring på at utslettet ikkje er skabb.

 

Ved påvist skabb:

  • Fastlegen har ansvar for behandling og oppfølging, men skulen er avhengig av dokumentasjon om dette pga. smittefaren.
  • Elevar som får påvist skabb må starta behandling omgåande. Oftast skjer dette ved ein to-delt kur.
  • Ingen kan komma på skulen før del 1 av kuren er fullført, dvs. 24 timar etter at behandlinga har starta.
  • Når del 1 er fullført kan elevar komma på skulen, men skal ikkje under noko omstende ha hudkontakt med andre.
  • Når del 2 av kuren er fullført skal dette dokumenterast av fastlegen.

 

Spesielt for elevar på Helse- og oppvekstfag, Frisør og Idrettsfag – gjeld praksisundervisning:

  • Elevar kan ikkje delta i praksis som medfører hudkontakt.
  • Elevar kan ikkje delta i praksis der ein berører felles handkle, sengetøy e.l.
  • Elevar kan ikkje delta i idrettsaktivitetar med mykje direkte kontakt mellom utøvarane.
  • Elevar kan ikkje ha opplæring i bedrift i YFF eller utplassering på Idrettsfag før 2. kur er gjennomført og dokumentert.

 

Når kuren i sin heilskap er fullført, gjeld for elevar på hudpleie og frisør:

  • Ved behandling av kundar/medelevar skal ein bruka hanskar i ein månad etter avslutta siste kur.

Det blir gitt gyldig fråvær i periodane ein må vera heime pga. skabb. Ved behov, vil skulen sørgja for at det vil bli tilrettelagt for eventuelle vurderingssituasjonar.

Til toppen