Biblioteket

Skulebiblioteket er meir enn berre bøker. Det er ein møteplass for kunnskap og danning, kreativitet og fellesskap i hjarte av skulen.

Her kan du få hjelp til skulearbeid, låna ei bok du har lyst til å lesa, vera med på aktivitetar biblioteket arrangerer, eller finna litt ro i ein hektisk kvardag. Biblioteket har eit godt utval av fagbøker, skjønnlitteratur, avisar, tidsskrift og digitale hjelpemiddel. Bibliotekarene Line og Christian hjelper deg med å finna den informasjonen du treng. 

Velkommen til biblioteket!

Tre personer med bok foran ansiktet. Foto. - Klikk for stort bildeBokfjes Sam Eyde vgs.


Opningstidene til biblioteket er måndag - fredag frå kl. 08.00 til kl. 15.30.

Tlf: 38 61 80 22

Send e-post til biblioteket

Lånetida er normalt 4 veker, med nokre få unntak.
Dersom lånt materiale ikkje blir levert etter gjentekne purringar må det erstattast.

Søk i skulebibliotekets bokbase

  • Gratis utlån av skulebøker

    Alle elevar i vidaregåande skule får låne skulebøker og andre læremiddel gratis. Desse blir lånte ut frå skulebiblioteket ved skulestart og leverte tilbake ved slutten av skuleåret.

    Utlån av skulebøker

 

Aktuelle lenker