Skulebevis

Skulen har ca. 1500 elevar og ca. 330 tilsette og er dermed ein av dei største vidaregåande skulane i fylket. Av tryggingsmessige grunnar må me forlanga at alle elevar og tilsette har skulebevis på seg til kvar tid i skuletida. Elevane skal på oppmoding visa dette til dei tilsette på skulen.

Dersom ein mistar skulebeviset kan ein kjøpa nytt kort hos IKT for kr. 100,-