Elevmekling

Har du ein konflikt du ønskjer å finna ei god løysing på? Ved Sam Eyde vgs. har vi elevmekling som ein del av arbeidet med å betra det psykososiale miljøet på skulen.

To elevar som rekkjer kvarandre handa som illustrasjon på elevmekling. Foto. - Klikk for stort bildeElevmekling Line Folkedal Trondsen

Elevmekling tek utgangspunkt i Konfliktrådets filosofi om at partane i ein konflikt har rett til å ordna opp sjølv. Dette er eit tiltak skulen set i verk for å betra det psykososiale miljøet, leggja til rette for inkludering og for å retta opp igjen relasjonane mellom elevar som har hatt ein konflikt.

Det er oppretta ei meklargruppe på skulen som har fått opplæring. Dagens meklarar har fått opplæring i konflikthandtering og i gjenopprettande samtalar ved kompetansesenteret «Trygg Læring».

Det er elevane sjølv som melder inn saker til mekling, så vil elevmeklarane hjelpa med å mekla i konflikten og dermed leggja til rette for at konfliktane blir løyste på lågast mogleg nivå. Alle kan melda inn konfliktar til elevmeklarane, men det er ein føresetnad at begge partane ønskjer å løysa konflikten ved mekling. Resultatet av meklinga skal respekterast av begge partar, også lærarar, rådgivarar og andre vaksne på skulen.

Dei aller fleste typane konfliktar kan løysast ved elevmekling, men ved svært alvorlege hendingar vil meklarane visa til andre instansar.