Tilbod om hasjavvenning

Arendal og Grimstad kommune har tilbod om individuell hasjavvenning med oppfølging av unge i alderen 13-30 år.

Individuelt hasjavvenningsprogram

Programmet tek utgangspunkt i Thomas Lundquist si forsking/modell: Ein guide for deg som vil slutta med hasj.

Programmet er individuelt tilpassa med ein intensivperiode på 14 dagar. Oppfølginga er minimum 3 månader. Foreldra vil som hovudregel vera med 2-3 gonger i løpet av programmet, evt. meir etter behov.

Bevisstgjeringssamtalar

Bevisstgjeringssamtalar er eit tilbod som har til hensikt å auka forståinga for bruk av cannabis/hasj. Vi ser viktigheita av å bevisstgjera ungdom på eigne val ved bruk av cannabis/hasj.

Bevisstgjeringssamtalar består i utgangspunktet av 4 samtalar, men kan forlengjast etter behov.

Hasjavvenning Arendal og Grimstad - hasjavvenning.no

arendalshjelpa@arendal.kommune.no
Arendalshjelpa, mobilnr.: 90 92 80 90
Sentralbordet til kommunen, tlf. 37 01 30 00

Hasjavvenning@grimstad.kommune.no
Christine F. Vasstøl, tlf. 90 87 44 99
Sentralbodet til kommunen, tlf. 37 25 03 00

Til toppen